10 desember 2005

Omsetjing

So... i dag måtte eg omsetja eit engelsk barnerim til norsk. På engelsk står rimet slik:
Star light, star bright,
first star I see tonight

Okei, for ein som liker å omsetja dikt frå klassisk tamil til norsk på fritida ville det sikkert verta enkelt. Trudde eg. Det var det ikkje.

"Star light star bright" var lett nok å setja om til "Stjerne ljos, stjerne klar ". Men kva skulle eg gjera med den andre linja då? Eg turvte noko som passa med "klar" men det var berre eitt ord eg kunne tenkja på som passa.

Stjerne ljos, stjerne klar
fyrste stjerne å gå på bar



Nei, det var noko feil der. Kanskje det vart betre med "klart" istaden for "klar"

Stjerneljos, kvitt og klart
fyrste stjerne med skjegg og bart

Uffda! Eg byrja på nytt, med den andre linja. Ja, "first star I see tonight" kunne lett setjast om til "fyrste stjerne eg ser i natt". So den fyrste linja no, noko som rima på "natt"...

Stjerne ljos, stjerne med hatt
fyrste stjerne eg ser i natt

Æsj, denne gjendiktinga vert meir vanskeleg enn eg trudde. Kanskje eg bør vera meir radikal og endra den bokstavelege tydinga av den engelske originalen...

Stjerne ljos, klar som eld
fyrste stjerne eg ser i kveld

Ja, det var betre no... men eg forstår i det heile teke ikkje kvifor det er lettare å omsetja frå tamil til norsk enn frå engelsk.

15 oktober 2005

Djervskap

Ein del av arbeidet mitt er å lesa søknader frå dei som ikkje oppfyller alle dei nødvendige føresetnadene for å kunna ta masterkurs i rettsvitskap på Universitetet i Nordvik. I dag fekk eg søknad frå ein kar som ikkje var utdanna nok ifølgjande reglane åt universitetet. Han hadde likevel omlag 30 års røynsle i mange høge stillingar. Eg er alltid for å sleppa slike folk inn, men eg har diverre mange motmælarar på fakultetet som ikkje liker det. So byrja eg, som vanleg, å prøva å få årsaker til å godta søknaden hans.

Det var lettare enn eg hadde trudd. Under "stilling" stod det Politisjefen for Nordfylke.

Herlege London!

Soleis vart spørsmålet mitt på møta ganske enkelt. Er det nokon her som er djerv nok til å forkasta søknaden hans?

Nei, alle vart tekne av reddhug og otte, og han fekk lov til å koma inn på kursen. Om eg berre kunne få det til å vera slik med alle slike søkjarar...

23 september 2005

Bjørnebær og regn

...er to ting eg liker med hausten, men ikkje på same tid. Det skjedde heldig vis ikkje i dag; eg fekk plukka dei siste bæra før det tok til å regna, og sit nå og høyrer på dråpane som risler og bilane som vassar.

Så heldig var ikkje Oski. Han fekk ikkje bjørnebær, i staden blei han blaut på heimvegen og kom heim som ein drukna fugl. Viss han hadde hatt på seg sari og ikkje skjorte kunne han ha vore med i ein våt sari-konkurranse. Eg føreslo det, men han syntest ikkje det var løye.

21 september 2005

Eit dikt av Auvaiyar

நாடா கொன்றோ காடா கொன்றோ
அவலா கொன்றோ மிசையா கொன்றோ
எவ்வழி நல்லவர் ஆடவர்
அவ்வழி நல்லை வாழிய நிலனே

Velgjetne vert skogar
og strender
og fjell og dalar

Så gode menneskje er
så signa vert jorda.

- Purananuru 187

20 august 2005

Regn i Bombay

Det har regna. Lang tids tørke blei med eitt til eit skybrot som overraska alle, frå fattig slumbuar til kvitskjorta kontorarbeidar. Nokre fekk huset sitt fylt med stinkande vatn, andre måtte vassa gjennom det i timesvis for å koma seg heim. Bilar, tog og autoar stoppa opp, varer av alle slag blei klissas (for ein gongs skuld eit svært treffande ord) og ubrukelege. Vatnet sank, og la igjen døde kroppar, søppel, råte. Og sjukdom.

Politikarane kranglar om det skal kallast ein epidemi. Det er jo bare, tja, 200 døde, frå avgrensa område, hovudsakleg slum. Det er ingen grunn til panikk. Sjukehusa har medisinar og senger, i all fall for nokre. Då Sonia Gandhi kom på besøk fekk dei til og med to laken kvar, det var ikkje måte på.

Avisene leiter ivrig fram nye andlet til statistikkane. Ei mor har mista den gravide dotter si og tenåringssonen er svak. Ein gammal mann blei sjuk etter å ha bore katten sin med ungar gjennom flaumvatn som gjekk til skuldrene. Kattemora og ungane overlevde, mannen blei sjuk og døydde.

No, når så mange er blitt smitta og symptoma på dei mange monsunsjukene trer klart fram, gjev avisene også gode råd om korleis ein kan unngå smitte. Unngå kontakt med flaumvatn, seier dei. Veldig lett når gata du bur i er ei elv som når deg til knea. Et og drikk bare det som er blitt kokt fritt for bakteriar. Eg grøsser og er med eitt svært takksam til svigerforeldra mine.

Det regner endå, men ikkje meir enn ein vanleg monsun. Eg håper dette var eit særskild uheldig år, men eg tviler sterkt. Monsunmønsteret har endra seg dei siste fem åra. Folk må både frykta tørke og verna seg mot flaum.

18 mai 2005

17. mai-toget mitt gjekk

Slemme, nøyaktige datamaskinar har gitt meg ein del rekningar for for seint leverte biblioteksbøker i det siste, så eg var glad då eg hadde fått ein enkel leveringsdato å hugse: 17. mai! Den er det umogleg å få i Norge, tenk på det.

Bøkene eg skulle levera var lånte i Norvik, altså måtte eg ta toget dit. Engelsk 17. mai-tog, med andre ord. Eg hadde tenkt å dra nokså tidleg - men Oski sa «skal me ikkje ha te?», og så hadde me det.

Så fann me ut at me skulle eta litt, eg laga lønsj som var ganske så god, med masse krydder. Deretter pusla eg litt med isolering av kjøkkenveggane, og kokte litt kaffi. Så såg eg på kloka.

Hjelp! Dagen var alt på hell! Siste toget var gått, i alle fall viss eg ville koma til Norvik før biblioteket stengte, og ikkje ville springa for å nå det. Skulle eg droppa kaffien og dra på meg joggeskoa? Eg debatterte det i full fart med Oski. Som fornuftig spurde kor mykje eg ville skylda biblioteket om eg lot vera å levera bøkene. Det var 20 pence.

Så, sidan eg er skolert i økonomisk tenking gjorde eg eit overslag. Er det verdt 20 pence for meg å drikka eit par koppar god kaffi? Er det verdt 20 pence å ikkje måtta springa for å nå toget? Svara er ja, men i tillegg sa Oski at han kunne ta bøkene med til Norvik i morgon, sidan han skulle dit nokså tidleg, men ikkje altfor tidleg. Eg har med andre ord spart ein heil returbillett! Og eg drakk god kaffi.

14 mai 2005

Sumer is icumen in

Whan that Aprill with his shoures soote the droghte of March hath perced to the roote, då byrjar alle fugleflyktningane å koma tilbake til Englands vakre strender og vatn (utan visum, men Michael Howard har ikkje lagt merke til dei enno).

Me høyrer fuglesong kvar morgon no. Mange forskjellige songar som eg, meir vant med tropiske fuglar, ikkje kjenner. Songane er mjuke, søte og melodiske og fuglane høyrest glade og lystige ut. Men...

På 90-talet blei traffikkbråket i London-området så høgt at fuglar ikkje kunne bli høyrt av makane sine. Så måtte dei òg syngja høgare og høgare. Jo høgare bråket blei, jo høgare song dei. Men traffikkbråket berre veks og veks, og det verker slik at dei stakkars fuglane verkeleg må skrika i dag for å bli høyrt. Dei har no masse problem med hoste.

Ja vel, det gjev ei ny tyding til den gamle engelske songen "sumer is icumen in, lhude sing cuccu". "lhude", riktig nok. Berre i England...

11 mai 2005

Hast

I dag fann eg ut at eg kan nå togstasjonen på under seks minutt viss det tarvst.

Det er godt å vita slike ting.

05 mai 2005

God påske!

Det var påske i helga. Det visste de kanskje ikkje? Men ortodokse kristne feira han då. Mange av dei braut den vegetariske fasten, som dei hadde halde i femti dagar, og jafsa i seg kjøt. Til eit slikt lag var eg og Oski inviterte. Det var ganske morosamt å sjå korleis verten danderte kilovis med grillkjøt på eit bord, før han så grilla nokre bleike vegetarburgarar for oss (ikkje for dét, slike burgarar er faktisk ganske gode).

Det viste seg at gresk påskefeiring - for det var dét det var - er omtrent som ei norsk julaften. Bortsett frå at ho vert halden om våren, og ein er ute, og det er ingen presangar - men, matinnstappinga er den same.

Og raudfargen går igjen. Raudfarga egg i ei stor skål. Det såg lekkert ut, og sjølv om eg ikkje er glad i egg gjorde skalfargen dei mykje meir spennande å eta.

Sidan dei hadde ein del, fekk me med eit par ekstra egg heim. Oisann. Heldigvis held kokte egg seg ganske lenge.


Julete påskeegg

30 april 2005

Kan mobiltelefon gagna menneske?

OK, før eg byrjar må eg forklara at eg hatar mobiltelefonar. Eg avskyr dei. Me har ein stor, sterk, beisk fiendskap mot kvarandre. Men...

Eg høyrde akkurat om ein kokk som skulle ta ut nokre bananar. Men han visste ikkje at ein fæl ulovleg innvandrar hadde snike seg inn med bananane. Ja, det var ein edderkopp som gøymte seg blant bananane og låg i vent... og den stakkars kokken blei biten. Edderkoppen sprang vekk og prøvde å forsvinna, men kokken var fortare. Han drog ut mobiltelefonen sin med ein gong og tok eit bilete av den flyktande edderkoppen.

Og det var bra. Edderkoppen var av ein type som er enno farlegare enn den svarte enkja. Hadde legane ikkje hatt biletet, kunne dei ikkje klarte å lækja kokken i tid.

Eg ville ikkje tenkt det, men mobiltelefonar kan turvast av og til. Bæh.

28 april 2005

Saman kan me redda verda

Me skal ha parlamentsval her i England om ei veke, og me har byrja å få postkassa full av annonsar frå dei store og små politiske partia, som vil minna oss om kor snille dei er og kvifor me bør røysta for dei. Men i dag fekk me ein annonse som var litt... forskjellig. Eit parti som kjenner vegen til ei tryggare, krimfri framtid, der ingen skal vera arbeidslause og alle skal leva utan angst, otte eller uro. Ei tid av vennskap og snillskap, med reine gater og reinare miljø. Og korleis skal dei få alle desse til å skje? Framleggjinga deira er ganske enkel - gjer kannabis lovleg, og England skal verta ein utopi.

Dei forklarer ikkje akkurat korleis alle desse kjem til å skje med kannabislegaliseringa, men Ho som Herskar i Huset og eg trur at me har forstått idéen deira:

1. Arbeidsløyse: Alle arbeidslause menneske skal få arbeid som kannabisdyrkar.

2. Krim: Gratis kannabis for alle dei misnøgde, som skal gjera dei meir rolege og glade. Det auker òg etterspurnad for kannabis, som tyder at meir arbeidslause kan få jobb som kannabisdyrkarar.

3. Eit vennlegare og snillare samfunn: Eigentleg ein kjempesnedig idé. Alle usosiale, furtne menneske skal ha plikt til å bruka ein vekeskvote av kannabis, som staten skal gje dei. Voila! Ingen surmulande sinnatagg i samfunnet, og enno meir krav for kannabis og kannabisdyrking!

So, om du vil bu i ein utopi må du berre røysta for kannabislegaliseringsforbundet.

Flittig som ein...

Eg gjekk for å lesa i dag, saman med dei små. Det var varmt i vêret og eg trur kanskje hovuda deira var litt slappe, i alle fall gjorde dei fleire feil enn vanleg. Men det blei inga grining, og det var kjekt, som vanleg.

Då eg skulle til å setja i gang med «problembarnet», jenta som bare vil snakka og ikkje lesa, såg eg ein maur på armen min. Eg viste han til jenta, og me blei einige om å ta han med ut. Først måtte han sjølvsagt gå over på hennar hand, noko som var lettare sagt enn gjort, men me fekk det til. Så gjekk me til ei ytterdør, som heldigvis var nær, og ho mista mauren på bakken.

«We saved an ant!» sa ho til dei første ho møtte.

Eg veit ikkje om det er rett, men eg trur ho las betre enn vanleg etterpå.

23 april 2005

Skrivemåtar

Montreal kommune har ei ny og svært interessant webside som er laga for dei evneveike. Dei bruker ein forskjellig måte å stava fransk, slik at det blir meir fonetisk og lettare å lesa. Til dømes, dei første orda på sida er: "Se sit s'adrês o pêrsone ki on z’inkapasité intélêktuêl". Det blir interessant å vita om det er basert på Quebec-fransk eller "standard" fransk.

19 april 2005

Habemus papam!

Pave Benedict XVI. Bæh - han skulle følgd i fotspora til forgjengarane sine. Etter to John Paul-ane var det på tida dei andre to Beatleane fekk sin tur. Men Pave George Ringo I har me dessverre ikkje. Synd.

14 april 2005

Ja, det er nyttårsdagen

புத்தாண்டு வாழ்த்துகள் og godt nyttår til alle! Me tamilar trur at slik det går denne dagen skal det gå resten av året, og eg hadde derfor mange gode føremål for dagen. Stå opp tidleg, laga mat for familien, fiksa vaskemaskinen, mala over det stygge kryddeflekker i kjøkkenet, vert medlem i lokale frivilligarbeid - det vil sei, gjer alt som ein arbeidsam ung mann vigd til familien og samfunnet må gjera.

Men det skjedde ikkje. Eg skrudde på radioen og NRK hadde interessante programmar på utanlandssendinga, og sola skinte så varmt at eg måtta nyta henne litt, og då eg byrja å rydda fann eg ei fin bok som eg ikkje hadde lese i ganske lenge og så måtte eg lesa henne litt... og så vart dagen slutt. Mykje glede, men eg gjorde ikkje noko av det eg hadde planlagd. Ja vel, det vert ikkje så verst viss det går slik heile det nye året.