25 desember 2006

«og det lyt dei hugsa»

நெல்லும் உயிர் அன்றே; நீரும் உயிர் அன்றே;
மன்னன் உயிர்த்தே மலர்தலை உலகம்;
அதனால், யான்உயிர் என்பது அறிகை
வேன்மிகு தானை வேந்தற்குக் கடனே.

Korkje ris
eller vatn
har livgjevande makt
over menneskja på denne vidfemnande jorda
slik som kongane har

og det lyt dei hugsa
når dei ser på krigarane sine
berande på glimande spyd.
-- Purananuru 186

24 november 2006

Fort i svingane

«Første fargede fører i formel 1» fortel Dagsavisen no når Lewis Hamilton skal byrja å køyra ovraske mercedesar. Det er litt overraskande. Eg kan ikkje sjå at Lewis Hamilton er så mykje mørkare på farge enn Narain Karthikeyan, som tok til å køyra for Jordan i 2005.

Er det eit noaord for «neger» me har med å gjera, tru?

23 november 2006

«Eg såg eit eldfrø»

அக்கினிக் குஞ்சொன்று கண்டேன் - அதை
அங்கோர் காட்டிலோர் பொந்திடை வைத்தேன்
வெந்து தணிந்தது காடு - தழல்
வீரத்தில் குஞ்சென்றும் மூப்பென்றுமுண்டோ

- பாரதியார்

Eg såg eit eldfrø
og sette det
i ein hol trestomn
som stod i ein stor urskog

og skogen brann
til berre oske

når hugen tek fyr
vert kvar gneiste
like mektig
som ein stor brann
- Bharatiyar

10 november 2006

Rogalandsk

Eg finn ikkje desse vanlege orda i nynorskordboka.

•«kemmera?»
•«keddeva?»
•«kerråfå?»
•«etlerrant!»

Hei, språkråd, ikkje ligg og dra deg!

11 august 2006

Til ilankai

På jord
som aldri har kjend tørke
prydar dei mørke nochchiblomane
augo
og bringene
åt ungmøyar.


Men no ligg blomane
lauvlause
kledde i blod
dekte av otte


og ein svolten gribb
som tek dei for åtsel
ber dei opp
frå den øydde bringa
åt ein ung gutt
som streid ut
til krigs



-- Nakkanaiyar, Purananuru 271

25 juli 2006

Norsk i Libanon

Ein av dei mange fordelane med verdsveven er at han gjer det mogleg å lasta ned og høyra på radioprogram frå eksotiske land som ein kjenner lite om. Til dømes Noreg. Det er særs viktig for Ho som Herskar i Huset, som ikkje klarer leva utan å høyra på Verda på laurdag og Verdt å vita.

I den siste utgåva av Verden på laurdag drog ein reporter frå NRK åt ein liten landsby i Libanon der det hadde budd mange norske soldatar. Det var heilt usannsynleg kor godt norsk dei tala, dei som til og med ikkje hadde vitja Noreg ein einaste gong.

Det er godt å vita at eg ikkje er den einaste utlendingen som aldri har budd i Noreg men elskar norsk. Men er eg den einaste som elskar nynorsk?

22 juli 2006

Endeleg er det agurktid

Verda har vore slem mot agurknyttskribentar dette året, med so mange alvorlege hendingar å skriva om. Men no, endeleg, ei nyhende som passar til denne tida.

Det ville vore kjekt om avisene var fulle av fleire slike hendingar istaden for...

15 juli 2006

Eit dikt av Vanparanar

Det ho song på slagmarka

Eg kan ikkje gråta
tårene som tyngjer bringa mi
dei kunne vekka
sovande tigrar
som tek deg

Eg kan ikkje få deg
til å reisa deg
med desse svake armane
som famnar
dine sterke aksler

La kval og kvide slå seg saman
mot den hatefulle dødsguden!

Ta mi hand
krinsa av so mange armringar
ein siste gong
min kjæraste mann

Gå med meg ei stund til.
-- Purananuru 255.

I tamilsk kultur bryt ei kvinne sund armringane sine når ho får høyra at ho er vorten enkje

16 juni 2006

Likskapar mellom ein katt og ein beibi

Eg har lenge mast om at eg vil ha eit kjæledyr. No har eg fått alt eg kunne ønska meg: Ein mjuk liten beibi som pip som ei mus og snøfter som ein gris. Men mest av alt synest eg ho minner om gamlekatten Leo der heime.

Både ho og katten:

  • Er supersøte

  • Har kjempemjukt hår

  • Liker fang

  • Liker stryking på ryggen

  • Søv døgnet rundt

  • Masar når dei vil ha mat

  • Hyler når dei verkeleg vil ha mat

  • Kan aldri få nok mat

  • Gulpar opp mat når dei har fått for mykje

  • Tissar både her og både der

18 mai 2006

No tek eg permisjon...

Farspermisjon, for å vera meir presis.

På gjensyn!

04 februar 2006

Barnetankar

Foreldrene mine bur for tida i Mumbai, ein stoooor by med omlag 20 millionar ibuarar. Og dei liker seg ikkje der. Dei lengtar etter sør-India og det gode tamil-talande landet som ligg der. Draumen deira er å kjøpa ein liten gard i ein liten landsby, med flotte skogar og fjell og templar i nærleiken. Ein slik plass er ikkje vanskeleg å finna i Tamil Nadu, og dei har nesten avgjort å flytta innan det neste året.

Men det liker diverre ikkje døtrene til systra mi. Dei er svært glade i foreldrene mine og har fortalt dei mangein gong kor feil det er å forlata så små barn som dei. Det er ikkje nok for små barn at dei bur isaman med foreldrene sine, seiar dei. Dei tarv besteforeldrene også. Etter mykje forhandling kom det ei avtale for nokre månadar sidan. Foreldrene mine skal få lov til å flytta sørover når barna fyllar seks år, dvs, om eitt år.

Men i dag kom det eit nytt problem. Charu, ein av tvillingane, sa at til og med seks var for tideleg. Men sju år, ja, då ville dei verta større, og då kunne dei tola at besteforeldrene flytta vekk frå dei. Chetu, den andre tvillingen, høyrde det, og etter at ho hadde tenkt hardt og lenge, kom ho med eit nytt forslag. Det var best at foreldrene mine venta til at Charu og Chetu hadde fylt tretti år, sa ho. Då kunne ho garantera at dei ikkje vil gråta.

குழல் இனிது யாழ்இனிது என்பதம் மக்கள்
மழலைச்சொல் கேளா தவர்.
Dei som læt vel over tonane
av fløyta og harpa
har ikkje høyrt det mjuke ljodet
av barneprat
- Tirukkural 66

14 januar 2006

eit dikt av Kapilar

Det venninna hennar sa:

Det er sant
at ei kjensle så sterk
må falma

men, å, mann frå fjella
der, etter torande regn,
små fossar sildrar
søte og mjuke

Svinn godhugen
når elskhugen døyr?

-- Kuruntokai 42

04 januar 2006

No er eg *ekte* nordmann

Ho som herskar i huset og eg har snakka av og til om å flytta til Noreg, og eg har til sist bestemt meg å ta noko prøve for å visa evna mi på norsk. So eg skreiv eit skjermbrev til dei gilde folka på Folkeuniversitetet som driv bergenstesten, for å finna ut om det var mogleg å få testen på nynorsk. I dag fekk eg svar, og svaret var "Nei." Dei var snille, og sa at eg kunne søkja etter lov til å skriva fritekstsoppgåva på nynorsk. Men i resten av testen, som inkluderer gramatikk og ordbruk, må eg nytta bokmål.

Det finst ikkje andre alternativ til bergenstesten. Fylgja er at viss ein er utlending og vil kunna visa evna på norsk, so må ein læra bokmål og berre bokmål. Viss ein vel nynorsk so må ein likevel læra bokmål i tilleg for testen si skuld.

Eg vart ganske sur over det. Kor vanskeleg kan det vera å setja testen om til nynorsk? Eg tenkjer på å ta opp saken med Mållaget.

*****


So hev det skjedd at eg hev teki upp målsaki, blanda meg inn i målreisingi, og vorti ekte nordmann. Og for å åtpassa meg i det nye livet mitt mun eg no også gjeva upp det urimelege, nedfalne målet som eg brukar nytta.

Leve imålet!