26 februar 2007

«Jamvel om dette livet endar»

தலைவி கூற்று:
அணிற்பல் அன்ன கொங்குமுதிர் முண்டகத்து
மணிக்கேழ் அன்ன மாநீர்ச் சேர்ப்ப
இம்மை மாறி மறுமை யாயினும்
நீயா கியரென் கணவனை
யானா கியர்நின் னெஞ்சுநேர் பவளே.
- அம்மூவனார், குறுந்தொகை 49

Det ho sa:

Tornane på dei pollentunge buskane
er skarpe
liksom tennene til eit ungt ekorn
i landet der det breie havet glimtar mot kysten
liksom ein safir

Min kjæraste,
jamvel om dette livet endar
og sjelene våre vandrar til nye kroppar
skal du bli skapt som min einaste mann
og eg, som elsken som lever i ditt hjarte
     -- Ammuvanar, Kurunthokai 49


Ein av dei mange tinga som gav gamle tamilske dikt fagerdomen sin var bruken av உள்ளுறை ullurai, «indre tankar». Skildringar av naturen som ein finn i tamilske dikt var ikkje berre skildringar, men inneheld òg innfløkte metaforar. Ved hjelp av desse prøvde diktarane å skildra omveges kjensler som var for sterke til å verta skildra beinveges.

Vanlegvis har ein ullurai fleire tydingar, som i dette diktet. Tornebuskar og ein havkrinsa kyst er ofte symbol for å vera, eller å ha vore, åtskild. Her viser dei til at kjærasten til ho som kved nett har kome attende til henne etter ei lang reise. Og det gjev oss den fyrste tydinga av ulluraien. Me var åtskilde so lenge medan du var i eit fjernt land, seier ho, men slike åtskiljingar varer ikkje i æve. Du kom attende til meg, og slik skal det vera etter me døyr. Sjølv om me skal vera skilde ei stund, skal me finna kvarandre igjen.

Men viss me les dei fyrste linjene igjen kan me finna ei tyding til. Livet og kjærleiken vår er som busken, med både spisse tornar og pollentunge blomar. Men sjølv om tornane er spisse er dei òg ein del av busken sin venleik, nett som tennene på eit ekorn er ein del av det som får det til å sjå søtt ut. Pina ved å vera åtskilde frå kvarandre er som desse tornane og tennene. Det er ein del av det som gjer elsk so vakker.

Og endå ei. Me er som havet og kysten, som busken og blomane, seier ho. Som havet ikkje kan skiljast frå landet, som blomar alltid må blomstra på buskane, so skal me aldri skiljast, og alltid vera isaman, av grunnhåtten vår.

07 februar 2007

Glede

I dag kveld sat eg og retta oppgåver som studentane mine har levert inn, medan Ho Som Herskar i Huset skreiv noko på datamaskinen.

HSHIH (til seg sjølv): «Uff... kva er ordet for 'pious' på norsk»
Eg: «Gudfryktig»

So no er det offisielt: eg kan betre norsk enn kona mi.