Viser innlegg med etiketten tamil. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tamil. Vis alle innlegg

22 august 2010

Bortom godt og vondt

நாமவனிவனுவன் அவளிவளுவளெவள்
தாமவரிவருவர் அதுவிதுவுதுவெது
வீமவையிவையுவை அவைநலந்தீங்கவை
ஆமவையாயவை ஆய்நின்றவவரே
          --நம்மாழ்வார்

I alle oss, og i denne mannen, og den mannen, og han der,
og i denne kvinna, og den kvinna, og ho der, og kven som helst;
i alle dykk, og i desse folka, og dei folka, og dei der,
og i dette, og det, og det der, og kva som helst;
i dei svinnande, og desse her, og dei, og dei der,
i dei gode og dei fæle,
i alt som har blitt og alt som skal bli,
i hjartet av alt er Han
og det er alt eg ser.
          -- Nammálvár (Tiruváymoli 1:1:4)

30 mai 2010

Slik gjer dristige menn

வேந்தற் கேந்திய தீந்தண் ணறவம்
யாந்தனக் குறுமுறை வளாவ விலக்கி
வாய்வாள் பற்றி நின்றனெ னென்று
சினவ லோம்புமின் சிறுபுல் லாளர்
ஈண்டே போல வேண்டுவ னாயின்
என்முறை வருக வென்னான் கம்மென
எழுதரு பெரும்படை விலக்கி
ஆண்டு நிற்கு மாண்டகை யன்னே.
-- விரிச்சியூர் நன்னாகனார் (புறநானூறு 292)

Stolte krigarar!
Som reiser seg mot han i sinne fordi
når de drikk kald kongsmjød
vil han ikkje venta til de seier
det er hans tur
men spring straks opp med skarpt sverd
og krev høgare rang

Djervskapen dykkar er svak som tynne grasstrå!

Når dristige menn
lauper fram for å hindra
den store strøymande heren
som fløymar mot dei på krigsmarka

då ventar han heller ikkje til dei seiar det er hans tur.

-- Varicchiyúr Nannákanár (Puranánúru 292)

30 mai 2009

Thirukkudandhai

ஆரா அமுதே அடியேன் உடலம் நின்பால் அன்பாயே,
நீராய் அலைந்து கரைய வுருக்குகின்ற நெடுமாலே,
சீரார் செந்நெல் கவரி வீசும் செழுநீர்க் திருகுடந்தை,
ஏரார் கோலம் திகழக் கிடந்தாய் கண்டேன் எம்மானே.

I uendelege nektarbylgjer
smeltar kroppen min
og vert til vatn
som flyt til deg
og løyser seg opp i elsken din,

fordi eg har sett deg
O herren som ligg i Tirukkudandhai
krinsa av gylne riskornaks
som viftar over frodige vatn
i fagre skapnader

-- Nammalvar

Thirukkudandhai er ein gamal by nær Thanjavur i sør-India. Familien til mor mi er frå det området, og eg har mange gode minner om vitjingar hjå oldeforeldra mine der. Dette verset er frå ein lovsong skriven av Nammalvar for omlag 1200 år sidan, om tempelet til Pallikkondar, eller Sarangapani-tempelet som det vert kalla. Ei kusine til mor mi, som er både songar og professor i musikkvitskap, har gjeve ut ei plate med ymse songar frå den tida, mellom anna denne. Songen er vakker.

Dikta skrivne av Nammalvar er med i hymnesamlinga Divya Prabandham som tamilske dyrkarar av Visjnu vyrder like mykje som Vedaene. I dei tidene vart religion, samfunn og mykje anna svært påverka av nordindisk kutlur. Djainsmen og buddhismen tok plassen til den gamle tamilske religionen. Dei tre tamilske kongehusa mista makta si i fleire hundreår. Fleire og fleire brahminar frå nord-India flytta sørover for å flykta frå muslimske innrykkingar. Mange nordindiske skikkar vart tekne i bruk, og mange tamilske sedvanar vart gløymde.

Det var ein mann som heitte Nathamuni, født mot slutten av 800-talet. Han var brahmin, frå ein familie som hadde flytta til Tamil Nadu for nokre hundreår sidan. Ein dag då han var i templet i Thirukkudandhai høyrde han denne lovsongen. Eg vil gjerne høyra fleire songar som Nammalvar har skrive, sa han. Nei, ingen der visste nokre av dei andre. So byrja Nathamuni å reisa rundt heile den tamiltalande verda, og frå kvart tempel henta han dikt som hadde vorte skrivne om det templet. Til sist hadde han nesten fire tusen, som han samla inn i Divya Prabandham.

Folk frå Thirukkudandhai er stolte av denne soga. Om ein vitjar Sarangapani-templet er det noko som er godt å hugsa. Tru meg, ein som seiar "Var det ikkje her at Nathamuni høyrde songen som starta han på heile den der Prabandham-samling greia?" får ei utruleg stor stjerne i margin.

23 mai 2008

Sentamile, kalappadamarra sentamile!

I dei siste månadene har dottera byrja å prata ofseleg på tamil. At ho gjer det, og at ho skiljar mellom norsk, tamil og engelsk, var ikkje uventa for oss, sidan eg berre talar tamil med henne medan mora hennar berre talar norsk. Men det som var heilt uventa var kor skarpt skilnaden mellom språka skulle verta i hjernen hennar. Sidan ho veit at norsk og tamil er ulike språk kan ho ikkje godta at noko kan ha det same namnet på både norsk og tamil. Fylgja er at ho talar utruleg reint tamil... og har tvinga meg til å gjera det same fordi ho ikkje gjev seg før at ho har fått eit reint tamilsk ord frå meg.

"Idhu ennadhu?" (Kva er dette?)
"Idhuva? Idhu lastebil" (Denne? Denne er ein "lastebil")
"Thamizhile ennadhu?" (Kva er det på tamil_)
"Aiyo... idhu... idhu... idhu sumaiyundhu!" (Hjelp... dette... dette... dette er eit "sumaiyundhu").

Foreldrene mine vert heilt sjarmerte når dei høyrer henne kalla ei boble for "kumizhi", eller ein kopp for "kuvalai". Det har vorte alt for vanleg å bruka europeiske lånord, som "bubble" og "mug", istaden.

Det nyaste ho gjer er å krevja at eg skulle syngja norske barnerim... på tamil. I huset vårt ljoder det no songar som "Perundhulai sillu" ("Hjulene på bussen"), "Pattinatthilai oru vidu" ("Ved veien lå et hus"), "Sinnathurai silandhi" ("Lille Petter edderkopp") og "Ila isaiyaan" ("Per Spelmann").

26 desember 2007

«Vidare enn jorda, høgare enn himmelen»

தலைவி கூற்று

நிலத்தினும் பெரிதே வானினும் உயர்ந்தன்று
நீரினும் ஆரள வின்றே சாரல்
கருங்கோற் குறிஞ்சிப் பூக்கொண்டு
பெருந்தேன் இழைக்கும் நாடனொடு நட்பே.

-தேவகுலத்தார்.


Det ho sa:

Vidare enn jorda, høgare enn himmelen,
meir løyndomsfull enn djupe vatn
er elsken eg ber for han, frå eit land
der dei pressar ut rik honning
frå svartstilka kuruntjsi-blomar
som veks tett i lia

- Thevakullatthár, Kurunthokai 3

23 mai 2007

Tiruvalluvar og håvamål

Eg ville aldri tenkt å samanlikna Tirukkural sin moralisme med Håvamål sin pragmatisme, men her er ein nordmann som har gjort det. Artikkelen var ganske interessant men omsetjinga av kural 882 var feil. Den tamilske originalen nemner ikkje smilande, hyggjelege folk, men, etter meininga mi, liknar meir på Håvamål enn omsetjinga forfattaren brukte:

Ver ikkje redd for uvenene
som står mot deg som nakne sverd
men ver varsam mot fienden som skjuler seg
som din trufaste frende


So vidt eg veit har Tirukkural aldri vorte omsette til norsk. Det finst ei svensk utgåve, men ikkje på norsk. Kanskje det er tid einkvan tok det opp?

26 februar 2007

«Jamvel om dette livet endar»

தலைவி கூற்று:
அணிற்பல் அன்ன கொங்குமுதிர் முண்டகத்து
மணிக்கேழ் அன்ன மாநீர்ச் சேர்ப்ப
இம்மை மாறி மறுமை யாயினும்
நீயா கியரென் கணவனை
யானா கியர்நின் னெஞ்சுநேர் பவளே.
- அம்மூவனார், குறுந்தொகை 49

Det ho sa:

Tornane på dei pollentunge buskane
er skarpe
liksom tennene til eit ungt ekorn
i landet der det breie havet glimtar mot kysten
liksom ein safir

Min kjæraste,
jamvel om dette livet endar
og sjelene våre vandrar til nye kroppar
skal du bli skapt som min einaste mann
og eg, som elsken som lever i ditt hjarte
     -- Ammuvanar, Kurunthokai 49


Ein av dei mange tinga som gav gamle tamilske dikt fagerdomen sin var bruken av உள்ளுறை ullurai, «indre tankar». Skildringar av naturen som ein finn i tamilske dikt var ikkje berre skildringar, men inneheld òg innfløkte metaforar. Ved hjelp av desse prøvde diktarane å skildra omveges kjensler som var for sterke til å verta skildra beinveges.

Vanlegvis har ein ullurai fleire tydingar, som i dette diktet. Tornebuskar og ein havkrinsa kyst er ofte symbol for å vera, eller å ha vore, åtskild. Her viser dei til at kjærasten til ho som kved nett har kome attende til henne etter ei lang reise. Og det gjev oss den fyrste tydinga av ulluraien. Me var åtskilde so lenge medan du var i eit fjernt land, seier ho, men slike åtskiljingar varer ikkje i æve. Du kom attende til meg, og slik skal det vera etter me døyr. Sjølv om me skal vera skilde ei stund, skal me finna kvarandre igjen.

Men viss me les dei fyrste linjene igjen kan me finna ei tyding til. Livet og kjærleiken vår er som busken, med både spisse tornar og pollentunge blomar. Men sjølv om tornane er spisse er dei òg ein del av busken sin venleik, nett som tennene på eit ekorn er ein del av det som får det til å sjå søtt ut. Pina ved å vera åtskilde frå kvarandre er som desse tornane og tennene. Det er ein del av det som gjer elsk so vakker.

Og endå ei. Me er som havet og kysten, som busken og blomane, seier ho. Som havet ikkje kan skiljast frå landet, som blomar alltid må blomstra på buskane, so skal me aldri skiljast, og alltid vera isaman, av grunnhåtten vår.

25 desember 2006

«og det lyt dei hugsa»

நெல்லும் உயிர் அன்றே; நீரும் உயிர் அன்றே;
மன்னன் உயிர்த்தே மலர்தலை உலகம்;
அதனால், யான்உயிர் என்பது அறிகை
வேன்மிகு தானை வேந்தற்குக் கடனே.

Korkje ris
eller vatn
har livgjevande makt
over menneskja på denne vidfemnande jorda
slik som kongane har

og det lyt dei hugsa
når dei ser på krigarane sine
berande på glimande spyd.
-- Purananuru 186

23 november 2006

«Eg såg eit eldfrø»

அக்கினிக் குஞ்சொன்று கண்டேன் - அதை
அங்கோர் காட்டிலோர் பொந்திடை வைத்தேன்
வெந்து தணிந்தது காடு - தழல்
வீரத்தில் குஞ்சென்றும் மூப்பென்றுமுண்டோ

- பாரதியார்

Eg såg eit eldfrø
og sette det
i ein hol trestomn
som stod i ein stor urskog

og skogen brann
til berre oske

når hugen tek fyr
vert kvar gneiste
like mektig
som ein stor brann
- Bharatiyar

11 august 2006

Til ilankai

På jord
som aldri har kjend tørke
prydar dei mørke nochchiblomane
augo
og bringene
åt ungmøyar.


Men no ligg blomane
lauvlause
kledde i blod
dekte av otte


og ein svolten gribb
som tek dei for åtsel
ber dei opp
frå den øydde bringa
åt ein ung gutt
som streid ut
til krigs



-- Nakkanaiyar, Purananuru 271

15 juli 2006

Eit dikt av Vanparanar

Det ho song på slagmarka

Eg kan ikkje gråta
tårene som tyngjer bringa mi
dei kunne vekka
sovande tigrar
som tek deg

Eg kan ikkje få deg
til å reisa deg
med desse svake armane
som famnar
dine sterke aksler

La kval og kvide slå seg saman
mot den hatefulle dødsguden!

Ta mi hand
krinsa av so mange armringar
ein siste gong
min kjæraste mann

Gå med meg ei stund til.
-- Purananuru 255.

I tamilsk kultur bryt ei kvinne sund armringane sine når ho får høyra at ho er vorten enkje

14 januar 2006

eit dikt av Kapilar

Det venninna hennar sa:

Det er sant
at ei kjensle så sterk
må falma

men, å, mann frå fjella
der, etter torande regn,
små fossar sildrar
søte og mjuke

Svinn godhugen
når elskhugen døyr?

-- Kuruntokai 42

21 september 2005

Eit dikt av Auvaiyar

நாடா கொன்றோ காடா கொன்றோ
அவலா கொன்றோ மிசையா கொன்றோ
எவ்வழி நல்லவர் ஆடவர்
அவ்வழி நல்லை வாழிய நிலனே

Velgjetne vert skogar
og strender
og fjell og dalar

Så gode menneskje er
så signa vert jorda.

- Purananuru 187

13 april 2004

Putthándu válthukkal!

தமிழருக்கும் அனைவருக்கும் இனிய புத்தான்டு வாழ்த்துக்கள்!

I dag byrjar eit nytt år for alle tamilar, eller "varudapirappu" (årfødsel) som det heiter på tamil. Det var i dag at Gud laga verda, trur me, og difor er det ei tid for nye byrjingar og førstningar, og for å gje takk til alt og alle.

Det er vanleg å feira varudapirappu med familien, som jul i Norge, og i veka før dagen byrjar toga og bussane å bli heilt fulle. Menneske sit på alle benkane, står i gangane, og heng frå dørene og vindauga, for dagen er ikkje den same langt heimanfrå. Og heime byrjar store førebuingene - alt blir feia, vaska, pussa og reinska. Kvinner heng kransar av mangolauv frå dørene, og lagar spesielle kolam (ein slags teikning laga med rismjøl) for å velkomma alle inn. Grytene blir skrubba til dei skin, og sett til sides for å førebu det første måltidet i det nye året. Og dei gamle folka som er heime ventar på at ungane som har flytta vekk skal koma tilbake, for denne eine dagen kvart år.

Og så kom dagen. Me trur at slik det går den første dagen, slik skal det gå det heile året, og så byrjar dagen ved soloppgang med 'kanni', d.v.s. godt utsyn. I landsbyane i dei gamle dagane pleidde folk å gå ut i hagen sin og sjå på frukt, og blomar, og nøtter (især kokosnøtter); fordi i den tamilske tanken er ingenting så heilag som natur. Bybuarar som ikkje kan gjera det ser i staden på riskorn eller grønsaker eller kokosnøtter i huset.

No er det Gud si tid. Hindutamilar reisar til eit tempel eller ber heime, kristne tamilar drar til kyrkja, og muslimske tamilar til eit moské. Hinduar bryt ei kokosnøtt, kveikjar kutthuvilakku (ein nedarva oljelampe) og førebuar niraikudum - me tar ei massinggryte, fyllar henne med vatn, set ei skala kokosnøtt oppå henne, og legg mangolauv rundt henne.

Så skvettar den eldste mannen i familien litt maruthunír - vatn kokt med spesielle urter, blomar, lauv, og litt mjølk og safran - på alle i familien for å velsigna dei. Dei yngste barna får kaivisésam - pengar eller andre gåver, eit symbol på framtidig rikdom. Og etterpå ei lita stund gjer alle det som dei vil gjera i det året - elevane les ei bok, bøndene arbeidar på åkrane sine, og så bortetter. Det heiter érmangalam, eit namn som forteller om fortida då dei fleste av oss var jordbrukarar.

No sit heile familien isaman og snakkar om alt som skjedde i fjor, og om alt dei skal gjera i det nye året. Det er snart tid for eit stort og mektig måltid. Den viktigaste tingen er ein rett som heiter sambol eller mangáypacchadi, som er laga av umogne mangoar, vellam (eit slag sukker som ikkje har blitt raffinert), og vépapú (margosa blomar) - søt, sur, og bitter på den same tida, for slik skal livet også vera i det nye året.

Til slutt er det tida for å vitja venner og slektningar. 'Putthándu váltthukal!' ('godt nytt år!') blir høyrt på alle gatene og vegene medan folk treff kvarandre - i dag er alle glade og nabolege; det er dagen for vennskap, og ein kan ikkje stå på gamle fiendskap i dag.

vaiyatthu válvírkal anaivarukkum cémamulla amaithiyána iniya putthandu nalváltthukal
Godt nytt år, de alle, og la fred og vennskap fylla heile verda i dette året.