23 mai 2008

Sentamile, kalappadamarra sentamile!

I dei siste månadene har dottera byrja å prata ofseleg på tamil. At ho gjer det, og at ho skiljar mellom norsk, tamil og engelsk, var ikkje uventa for oss, sidan eg berre talar tamil med henne medan mora hennar berre talar norsk. Men det som var heilt uventa var kor skarpt skilnaden mellom språka skulle verta i hjernen hennar. Sidan ho veit at norsk og tamil er ulike språk kan ho ikkje godta at noko kan ha det same namnet på både norsk og tamil. Fylgja er at ho talar utruleg reint tamil... og har tvinga meg til å gjera det same fordi ho ikkje gjev seg før at ho har fått eit reint tamilsk ord frå meg.

"Idhu ennadhu?" (Kva er dette?)
"Idhuva? Idhu lastebil" (Denne? Denne er ein "lastebil")
"Thamizhile ennadhu?" (Kva er det på tamil_)
"Aiyo... idhu... idhu... idhu sumaiyundhu!" (Hjelp... dette... dette... dette er eit "sumaiyundhu").

Foreldrene mine vert heilt sjarmerte når dei høyrer henne kalla ei boble for "kumizhi", eller ein kopp for "kuvalai". Det har vorte alt for vanleg å bruka europeiske lånord, som "bubble" og "mug", istaden.

Det nyaste ho gjer er å krevja at eg skulle syngja norske barnerim... på tamil. I huset vårt ljoder det no songar som "Perundhulai sillu" ("Hjulene på bussen"), "Pattinatthilai oru vidu" ("Ved veien lå et hus"), "Sinnathurai silandhi" ("Lille Petter edderkopp") og "Ila isaiyaan" ("Per Spelmann").