04 februar 2006

Barnetankar

Foreldrene mine bur for tida i Mumbai, ein stoooor by med omlag 20 millionar ibuarar. Og dei liker seg ikkje der. Dei lengtar etter sør-India og det gode tamil-talande landet som ligg der. Draumen deira er å kjøpa ein liten gard i ein liten landsby, med flotte skogar og fjell og templar i nærleiken. Ein slik plass er ikkje vanskeleg å finna i Tamil Nadu, og dei har nesten avgjort å flytta innan det neste året.

Men det liker diverre ikkje døtrene til systra mi. Dei er svært glade i foreldrene mine og har fortalt dei mangein gong kor feil det er å forlata så små barn som dei. Det er ikkje nok for små barn at dei bur isaman med foreldrene sine, seiar dei. Dei tarv besteforeldrene også. Etter mykje forhandling kom det ei avtale for nokre månadar sidan. Foreldrene mine skal få lov til å flytta sørover når barna fyllar seks år, dvs, om eitt år.

Men i dag kom det eit nytt problem. Charu, ein av tvillingane, sa at til og med seks var for tideleg. Men sju år, ja, då ville dei verta større, og då kunne dei tola at besteforeldrene flytta vekk frå dei. Chetu, den andre tvillingen, høyrde det, og etter at ho hadde tenkt hardt og lenge, kom ho med eit nytt forslag. Det var best at foreldrene mine venta til at Charu og Chetu hadde fylt tretti år, sa ho. Då kunne ho garantera at dei ikkje vil gråta.

குழல் இனிது யாழ்இனிது என்பதம் மக்கள்
மழலைச்சொல் கேளா தவர்.
Dei som læt vel over tonane
av fløyta og harpa
har ikkje høyrt det mjuke ljodet
av barneprat
- Tirukkural 66