14 juli 2011

Toppers

Bharfot (fint namn!) føreslår Gaustayama som tilleggsnamn på Gaustatoppen. Og det har me sansen for.

Å sjå på snødekte fjell i sommarsola, det er vel nesten som å eta is, det?

23 juni 2011

Virtuelt verkeleg

Hurtigruta har vore direktesendt på fjernsyn og internett, og det har jo vore stas. Fleire bra historiar har det òg blitt av turen, både om nordlendingane som lagar show og om dei ulike folka som har sett på frå ulike stader i verda. Men den beste er truleg den om pensjonisten som såg bortimot heile turen, medrekna nettene:
Klokka var rundt tre om natta, og båten skulle leggja frå kai i Stokmarknes. Då båten fløyta i hornet, levde eg meg so mykje inn i turen at eg la på sprang opp trappa for å rekke å komme meg om bord att på båten. Det var ikkje før eg kom opp i gangen at eg kom på at eg ikkje var på båten.

Då har de klart det, NRK. Då er det virtuelt.

13 mars 2011

Her luktar det fisk i mosen

Det nyskapande språkprogrammet Paradise Hotel ['pɑɾɑdajs hu:'tɛl] har gått i bresjen for å oppdatera gamle ord og uttrykk. Best av forslaga deira liker eg «fisk i mosen», ei langt meir logisk form av uttrykket «ugler i mosen», som i tillegg til å vera ulogisk er ei total misforståing av eit dansk uttrykk som betyr «ulvar i myra». Neste skritt bør vera å fornorska uttrykket heilt, kanskje til «fisk på moen»... eller kanskje tilmed «eg aner fisk i nasen»?

I alle høve er dette ei viktig sak som det bør startast ei ny folkerørsle om. Ja til nye uttrykk! Kva med «brent brød skyr grillen»? Det er eit godt og svært daglegdags bilde frå vårt hushald.

02 mars 2011

Ord for dagen

Dagens ord er "otobüs". Det er tyrkisk. Det tyrkiske skriftspråket med latinske bokstavar er ganske nytt, og derfor ganske fonetisk. I tillegg er tyrkisk rart og følgjer sine eigne reglar, og då får dei ord som otobüs. Kan du gjetta kva det er?

02 januar 2011

Tjueni, tjueti, tjueelleve.

Debatten rasar (eller no') i statskanalen om journalistane skal måtta seia totusenogelleve eller om dei kan sleppa unna med tjue elleve.

Jeg nekter å godta at det er folket som skal bestemme hva som er riktig å si. Norsk tradisjon tilsier at vi kaller det nye året for totusenogelleve. Tjueelleve er svensk påvirkning, sier Sylfest Lomheim.


Eg som les Language Log er van med at folket skal bestemma. Altså, norske folk bestemmer kva som er rett norsk. Og norske folk er late, det veit me alle. Dei sa nittennittini, og ikkje milleneufcentquatrevingdixneuf som frenetiske franskmenn. I god norsk tradisjon kjem nok tjuehundretalet til å pregast av tjuetal òg. Og det vil seia at femåringar som tel feil, endeleg får rett. Etter tjueni kjem tjueti, og deretter tjueelleve. Godt nyttår!