13 mars 2011

Her luktar det fisk i mosen

Det nyskapande språkprogrammet Paradise Hotel ['pɑɾɑdajs hu:'tɛl] har gått i bresjen for å oppdatera gamle ord og uttrykk. Best av forslaga deira liker eg «fisk i mosen», ei langt meir logisk form av uttrykket «ugler i mosen», som i tillegg til å vera ulogisk er ei total misforståing av eit dansk uttrykk som betyr «ulvar i myra». Neste skritt bør vera å fornorska uttrykket heilt, kanskje til «fisk på moen»... eller kanskje tilmed «eg aner fisk i nasen»?

I alle høve er dette ei viktig sak som det bør startast ei ny folkerørsle om. Ja til nye uttrykk! Kva med «brent brød skyr grillen»? Det er eit godt og svært daglegdags bilde frå vårt hushald.

Ingen kommentarer: