11 desember 2010

Her er kakelinna

Hvor er kakelinna? spør ein i Vestfold. Vel, svaret er nok... i vest. Både på Sørvestlandet og her på Dei britiske øyane har den harde sprengkulda tødd veldig opp, frå ein typisk norsk vinter til ein typisk norsk vår. Me stavrar oss fram på is, som det ikkje burde forbausa nokon at det er mykje av på dei umåka fortaua, og ser på smeltevatnet som drypp. Faktisk har me fått ta dette vatnet svært grundig i augesyn.

Plipp, plipp, sa det på kjøkkenet vårt, som eit ekte obstfelderdikt. Taket heldt godt under snøen, men viste seg å ikkje vera fullstendig tett for vatnet han blei til etterpå. Ved vindauget og døra ut blei det danna små pyttar som viste at, ja, her var det verkeleg snøsmel på gang.

Dryppinga slutta heldigvis at me fjerna resten av snøen frå taket, så då er det mogleg me kan baka litt på kjøkkenet. Sånn for å få litt meir linne, meiner eg. Og så må me forska på de underlege engelske orda soffit og fascia, som begge har noko med takrenner å gjera, og finna ut kva me har å fiksa.

18 november 2010

Katzenjammer

I heimen er det ganske populært med kattar, og me har derfor utvikla eit slags instinktivt drag mot sangar om kattar. Eg nemner i fleng:

  • Gråpus av Margrethe Munthe
  • Den store sinte svarte skumle katta til fru Haugen av Kjell Lund
  • Det sat to kattar (ved Tunkatten)
  • Tre rare katter av André Bjerke
  • Ved murpipa sitt en bræinnete katt av Alf Prøysen

Reine litteraturkanonen dette! Men ikkje nok med det. Kattane luskar også inni songar som "Ikonne stod på vollen og slo" (...og vesle pusekatten køyrde...) og kanskje meir uventa "Hu hei kor er det vel friskt og lett", på grunn av ordet "sprett", namnet på ein av kattungane til Gråpus. Ein annan kattunge, "Sne", finst både i "Lokk" av Bjørnstjerne Bjørnson og "Å jeg vet en seter" av Munthe. Jentungen som lyttar har unngått å leggja merke til at sangen "Spurvelurven" har halve namnet til den tredje kattungen, men det har altså ikkje eg. Det einaste me mangler for å få full pott er ein sang om ein Lurifaks. Anyone?

25 oktober 2010

Nytt fransk ord og bilde.

I dag lærte eg at bredouiller betyr "å mumle".

Eksempel: Då Nicholas Sarkozy drog til Vatikanet på snarvisitt til paven, "il a bredouillé le Pater Noster comme un joueur de foot chantant l’hymne national" (skreiv Libération). Han mumla fadervår omlag som ein fotballspelar syng nasjonalsongen.

Dei har ofte ganske treffande bilete i dei franske media.

01 oktober 2010

Please don't title your posts with acronystic vulgarities

Dagens tips kjem ikkje uventa frå ei diskusjonsside på Wikipedia. Meldinga det er snakk om hadde tittelen "WTF is up with this article?!?" (eller noko slikt).

Alt det ein kan læra på Wikipedia, du!

19 september 2010

Prinsessesoge anno 2010

Det var ein gong ei prinsesse som rett og slett ikkje ville målbindast. Ho var berre vrien og vrang, nett som eit stykke sideflesk ein gjerne vil gøyma — men presser ein det inn med midjeband ein stad, tyt det jammen ut på ein annan. Ja, denne Prinsessa var så standhaftig at slo ein henne i hovudet med skikk og bruk den eine dagen, dukka ho jammen opp med noko nytt, ti gonger meir uskikkeleg og ubrukeleg, den neste.
Prinsessa som ingen kunne målbinda

16 september 2010

Nominativ determinisme

Nominative determinism er noko dei forlystar seg med i det store utlandet. Det dreier seg om å bita seg merke i namn som passar godt i ein samanheng, til dømes den berømte tannlegen Holtan. Det er faktisk blitt forska seriøst på om namna våre gjer oss til dei me er.

Men dette er litt mindre seriøst. Stavanger har visst hatt ein tanke regnvatn i det siste, og kven sender dei ut for å dekka det?

Runde Vandvik

22 august 2010

Bortom godt og vondt

நாமவனிவனுவன் அவளிவளுவளெவள்
தாமவரிவருவர் அதுவிதுவுதுவெது
வீமவையிவையுவை அவைநலந்தீங்கவை
ஆமவையாயவை ஆய்நின்றவவரே
          --நம்மாழ்வார்

I alle oss, og i denne mannen, og den mannen, og han der,
og i denne kvinna, og den kvinna, og ho der, og kven som helst;
i alle dykk, og i desse folka, og dei folka, og dei der,
og i dette, og det, og det der, og kva som helst;
i dei svinnande, og desse her, og dei, og dei der,
i dei gode og dei fæle,
i alt som har blitt og alt som skal bli,
i hjartet av alt er Han
og det er alt eg ser.
          -- Nammálvár (Tiruváymoli 1:1:4)

19 august 2010

Ramsalt i Salten


Kva er det med Salten? Vasker dei seg med salt i staden for såpe der? Imponerandes er i alle fall det som blir sagt og skrive der. Kanskje må me på det jækla museet for å finna ut. Men me lærer nok aldri å banna på nordnorsk med stil som dette:

E låg å søv, da va som e låg i fløiel, da va som fløte, men så rengt den dar helvetes førbanna vekkerklokka.

30 mai 2010

Slik gjer dristige menn

வேந்தற் கேந்திய தீந்தண் ணறவம்
யாந்தனக் குறுமுறை வளாவ விலக்கி
வாய்வாள் பற்றி நின்றனெ னென்று
சினவ லோம்புமின் சிறுபுல் லாளர்
ஈண்டே போல வேண்டுவ னாயின்
என்முறை வருக வென்னான் கம்மென
எழுதரு பெரும்படை விலக்கி
ஆண்டு நிற்கு மாண்டகை யன்னே.
-- விரிச்சியூர் நன்னாகனார் (புறநானூறு 292)

Stolte krigarar!
Som reiser seg mot han i sinne fordi
når de drikk kald kongsmjød
vil han ikkje venta til de seier
det er hans tur
men spring straks opp med skarpt sverd
og krev høgare rang

Djervskapen dykkar er svak som tynne grasstrå!

Når dristige menn
lauper fram for å hindra
den store strøymande heren
som fløymar mot dei på krigsmarka

då ventar han heller ikkje til dei seiar det er hans tur.

-- Varicchiyúr Nannákanár (Puranánúru 292)

02 januar 2010

Heia Island

Islandsk er jo noko for seg sjølv, då.

Veðrið á Bretlandseyjum heldur áfram að setja strik í reikninginn hvað knattspyrnuleikina varðar en fresta hefur þurft mörgum leikjum í dag vegna veðurs og erfiðra vallarskilyrða. Þremur leikjum hefur þegar verið frestað í 3. umferð ensku bikarkeppninnar og mörgum leikjum í neðri deildunum. (mbl)
Meir trur eg ikkje det treng seiast om veret i Bretlandseyjum denne vinteren.