15 mars 2004

bøker, bøker og meir bøker

Om fire eller fem veker skal me flytta til eit nytt hus, og Ho Som Herskar I Huset har kunngjort at eg har for mange bøker som er heilt uturvande og kan godt bli kasta. Ho har rett, det må eg gå med på, så no sit eg og skil bøker som eg vil ha frå dei som eg kan greia meg utan. Og det er veldig interessant, fordi eg har funne så mange bøker som eg heilt hadde gløymt at eg har. Det verkar som eg gjekk gjennom ein periode der eg kjøpte veldig mange engelske thrillerar. Det er noko spesielt med engelske thrillerar, men eg hadde gløymt kor spesielle dei var til eg byrja å lesa dei igjen. Ei typisk setning frå den øvste (Night Probe, av Clive Cussler):
"The neatly-tailored uniform of a navy lieutenant commander adorned a svelte body measuring six feet from manicured toenails to the roots of her naturally ash-blonde hair."
Hmm. Ingen kan skriva så sjarmerande og romantisk som dei engelske.

10 mars 2004

moi et mon dégrin

Ein ting som eg er veldig flink til er å laga mondegrinar.

*****

For dei som ikkje kjenner ordet: Ein mondegrin (mi norskifisering av engelsk 'mondegreen') er ein song som ein mishøyrer på ein morosam måte. Ordet sjølv har ein interessant historie. Det var oppfunne av ein veldig namngjeten engelskmann (så namngjeten faktisk at eg aldri kan hugsa namnet hans). Då han var unge hadde han ein utlending til barnejente (ho var frå det fjerne Skottland), og ho likte å syngja songar frå det vilde, utemde landet. Ein av dei sat fast i hugsen hans. "The Bonny Earl of Moray" heitte denne, og var slik:

Ye highlands and ye lowlands, O where hae ye been
They hae slain the bonnie earl of Moray, and Lady Mondegreen

Så romantisk og poetisk, tenkte han. Ei uredd ung dame, som døydde med mannen sin. Men etter at barnejenta hadde drege sin veg, visste han at dei var dei einaste orda som han hugsa. Han byrja å leita etter songen, og ein vedunderleg dag kom han på ei bok av skotske songer. Han åpna boka, glad og ivrig, og las orda... men livet hadde hjartelaust lurt han. Fordi han hadde høyrt songen feil. Der i boka stod dei ekte orda:
They hae slain the bonnie earl of Moray, and laid him on the green

Ingen romantiske damer, ingen tragiske daude. Berre ein vanleg, blodig borgarkrig.

Men han ville ikkje la Lady Mondegreen bli gløymt så lett. Derfor vaks han opp, blei namngjeten (vel...), og så skreiv han om den uredde dama frå barndomen sin. Og det verka, for no har ho blitt eit ord, og skal aldri bli gløymt.

*****

Av og til har eg byrja å tru at eg var han fødd på ny fordi eg har aldri sunge ein song heilt rett, og det har gjeve vennene mine mange ugløymande morosame dagar. Spesialt når eg prøver å snakka om engelske songer som eg liker. Ta, t.d., Boney M sin song "Rivers of Babylon" der dei syng "How shall we sing the Lord's song in a strange land?" 'A strange land??' Kva betyr det?? Eg har alltid sunge songen slik "How shall we sing the Lord's song in Australia". Now det er heilt forståeleg!

Og ta også den 60s songen, "my boyfriend's back", der ho vitrar den ormeaktige gutten "You better cut out like the devil." I min versjon fordømmer ho han: "You baked a cutlet with the devil!" Mykje betre, ikkje sant vel?

(Viss de har eigne mondegrinar kan de godt kommentera!)

08 mars 2004

Kvifor blogga?

Ein grå og bleik morgon då eg låg lat på senga, hadde eg klårt for meg at eg hadde hug til å ha ein blogg.

For dei fleste kunne det ha vore heilt vanleg, men det var ikkje slik for meg. Det var ein gong då eg mislikte ideen om bloggar, og mislikte dei som blogga om vanlege ting. Det er så mange viktigare ting i verda, sa eg, så mange viktige saker som me kan tenka på og snakka om og til og med filosofera om! Kvifor lèt folk tida forfalla med bloggar då?

Men etter som tida gjekk kom eg på eit lite problem. Eg byrja å lika å lesa bloggar. Det var noko sjarmerande med det daglege skriveriet eg las der. Og jo meir eg las, jo meir byrja eg å ynskja å ha min eigen blogg.

Og her er eg. I blogger. Med min blogg. Der eg skal snakka om daglige og vanlege ting, når eg har tida til det. Fordi vanlege ting kan også vera herlege.

Våre liv, så kjære,
tek sine eigne baner
som båtar av siv
på ei flod som brusar mot båar
i det kalde regnet
som fell frå himmelen
broten av lynet

og så setter me ikkje pris på det opphøgde
og hæder ikkje det enkle

frå purananuru dikt 192