20 august 2005

Regn i Bombay

Det har regna. Lang tids tørke blei med eitt til eit skybrot som overraska alle, frå fattig slumbuar til kvitskjorta kontorarbeidar. Nokre fekk huset sitt fylt med stinkande vatn, andre måtte vassa gjennom det i timesvis for å koma seg heim. Bilar, tog og autoar stoppa opp, varer av alle slag blei klissas (for ein gongs skuld eit svært treffande ord) og ubrukelege. Vatnet sank, og la igjen døde kroppar, søppel, råte. Og sjukdom.

Politikarane kranglar om det skal kallast ein epidemi. Det er jo bare, tja, 200 døde, frå avgrensa område, hovudsakleg slum. Det er ingen grunn til panikk. Sjukehusa har medisinar og senger, i all fall for nokre. Då Sonia Gandhi kom på besøk fekk dei til og med to laken kvar, det var ikkje måte på.

Avisene leiter ivrig fram nye andlet til statistikkane. Ei mor har mista den gravide dotter si og tenåringssonen er svak. Ein gammal mann blei sjuk etter å ha bore katten sin med ungar gjennom flaumvatn som gjekk til skuldrene. Kattemora og ungane overlevde, mannen blei sjuk og døydde.

No, når så mange er blitt smitta og symptoma på dei mange monsunsjukene trer klart fram, gjev avisene også gode råd om korleis ein kan unngå smitte. Unngå kontakt med flaumvatn, seier dei. Veldig lett når gata du bur i er ei elv som når deg til knea. Et og drikk bare det som er blitt kokt fritt for bakteriar. Eg grøsser og er med eitt svært takksam til svigerforeldra mine.

Det regner endå, men ikkje meir enn ein vanleg monsun. Eg håper dette var eit særskild uheldig år, men eg tviler sterkt. Monsunmønsteret har endra seg dei siste fem åra. Folk må både frykta tørke og verna seg mot flaum.