Viser innlegg med etiketten eventyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten eventyr. Vis alle innlegg

23 juni 2011

Virtuelt verkeleg

Hurtigruta har vore direktesendt på fjernsyn og internett, og det har jo vore stas. Fleire bra historiar har det òg blitt av turen, både om nordlendingane som lagar show og om dei ulike folka som har sett på frå ulike stader i verda. Men den beste er truleg den om pensjonisten som såg bortimot heile turen, medrekna nettene:
Klokka var rundt tre om natta, og båten skulle leggja frå kai i Stokmarknes. Då båten fløyta i hornet, levde eg meg so mykje inn i turen at eg la på sprang opp trappa for å rekke å komme meg om bord att på båten. Det var ikkje før eg kom opp i gangen at eg kom på at eg ikkje var på båten.

Då har de klart det, NRK. Då er det virtuelt.

19 september 2010

Prinsessesoge anno 2010

Det var ein gong ei prinsesse som rett og slett ikkje ville målbindast. Ho var berre vrien og vrang, nett som eit stykke sideflesk ein gjerne vil gøyma — men presser ein det inn med midjeband ein stad, tyt det jammen ut på ein annan. Ja, denne Prinsessa var så standhaftig at slo ein henne i hovudet med skikk og bruk den eine dagen, dukka ho jammen opp med noko nytt, ti gonger meir uskikkeleg og ubrukeleg, den neste.
Prinsessa som ingen kunne målbinda