04 april 2008

Gode førebilete

(Vesla løfter sykkelen i sine sterke armar og imponerer mora)

"E du ein sterking?"
"E viking."
"E du en _viking_?"
"Amma e viking. Appa e viking. Teddy e viking."

02 april 2008

klok om bok

«Det gis ut for mange tykke bøker. Selv er jeg en mobil simultanleser som bærer mine bøker med meg slik kvinner drasset rundt på det obligatoriske strikketøyet før i verden. Forfattere som behersker formatet ”dameveske” (eller enda bedre, ”kåpelomme”) har grepet et viktig poeng.»
Ideen om multiverset i, hmm, Tidsskrift for Den norske legeforening

Som reisande i bleier og barneting kan eg bare uttrykka semje i ønsket om små, berbare bøker (kanskje dei kan læra ein ting eller to av datamaskinmakarar?). Kor ofte har eg ikkje ønska meg ei bok som passer i handflata, som eg kan smuglesa i medan vesla plukker opp pinnar eller spring etter ballar?

Ho må ikkje vera for stor, for då er eg redd eg kjem til å fortapa meg i henne medan vesla rir vekk på ein hund ho har falle for, eller noko slikt.