26 desember 2007

«Vidare enn jorda, høgare enn himmelen»

தலைவி கூற்று

நிலத்தினும் பெரிதே வானினும் உயர்ந்தன்று
நீரினும் ஆரள வின்றே சாரல்
கருங்கோற் குறிஞ்சிப் பூக்கொண்டு
பெருந்தேன் இழைக்கும் நாடனொடு நட்பே.

-தேவகுலத்தார்.


Det ho sa:

Vidare enn jorda, høgare enn himmelen,
meir løyndomsfull enn djupe vatn
er elsken eg ber for han, frå eit land
der dei pressar ut rik honning
frå svartstilka kuruntjsi-blomar
som veks tett i lia

- Thevakullatthár, Kurunthokai 3

06 desember 2007

Ei kvinnesak

I mange dagar har eg leita etter ein trådlaus telefon, utan suksess. Nei, det var ikkje fordi trådlause telefonar har vorte dei meste etterspurde julegåvene og har vorte utselde. Det var fordi Ho som herskar i huset tykte at alle telefonane som eg fann var for «mannete». Om dei ikkje var for svarte var dei for kvite eller for sylvfarga eller for runde eller for firkanta... kort sagt var alle for stygge. «Kan du'kje finna enn som e litt søde», spurde ho sorgtungt.

I dag klarte eg det. No er han kjøpt, og me ventar berre på leveringa. Det var eigentleg kjempelett. Eg goggla etter «girly cordless phone», og viste henne det fyrste treffet. Heilt perfekt, tykte ho.

Velsigna vert du, O konge Google
som redder oss menn frå mangein vande