08 august 2008

Dette er ein hest


Av ungar skal ein visst høyra sanninga, og om så er sant, er dyret i biletet ein hest. No ber artikkelen biletet høyrer til oss om å rauta for ungane våre, får me eit dilemma. Kjem ungen til å godta rautinga, eller er det betre med eit i-i-hi-vrinsk? Me får satsa på at det ikkje sit fulle folk og skriv i Aftenbladet, og satsa på hestevrinsk for denne gong. Så får me tenka på korleis me skal introdusera ungen til Magritte seinare.