02 januar 2011

Tjueni, tjueti, tjueelleve.

Debatten rasar (eller no') i statskanalen om journalistane skal måtta seia totusenogelleve eller om dei kan sleppa unna med tjue elleve.

Jeg nekter å godta at det er folket som skal bestemme hva som er riktig å si. Norsk tradisjon tilsier at vi kaller det nye året for totusenogelleve. Tjueelleve er svensk påvirkning, sier Sylfest Lomheim.


Eg som les Language Log er van med at folket skal bestemma. Altså, norske folk bestemmer kva som er rett norsk. Og norske folk er late, det veit me alle. Dei sa nittennittini, og ikkje milleneufcentquatrevingdixneuf som frenetiske franskmenn. I god norsk tradisjon kjem nok tjuehundretalet til å pregast av tjuetal òg. Og det vil seia at femåringar som tel feil, endeleg får rett. Etter tjueni kjem tjueti, og deretter tjueelleve. Godt nyttår!