04 januar 2006

No er eg *ekte* nordmann

Ho som herskar i huset og eg har snakka av og til om å flytta til Noreg, og eg har til sist bestemt meg å ta noko prøve for å visa evna mi på norsk. So eg skreiv eit skjermbrev til dei gilde folka på Folkeuniversitetet som driv bergenstesten, for å finna ut om det var mogleg å få testen på nynorsk. I dag fekk eg svar, og svaret var "Nei." Dei var snille, og sa at eg kunne søkja etter lov til å skriva fritekstsoppgåva på nynorsk. Men i resten av testen, som inkluderer gramatikk og ordbruk, må eg nytta bokmål.

Det finst ikkje andre alternativ til bergenstesten. Fylgja er at viss ein er utlending og vil kunna visa evna på norsk, so må ein læra bokmål og berre bokmål. Viss ein vel nynorsk so må ein likevel læra bokmål i tilleg for testen si skuld.

Eg vart ganske sur over det. Kor vanskeleg kan det vera å setja testen om til nynorsk? Eg tenkjer på å ta opp saken med Mållaget.

*****


So hev det skjedd at eg hev teki upp målsaki, blanda meg inn i målreisingi, og vorti ekte nordmann. Og for å åtpassa meg i det nye livet mitt mun eg no også gjeva upp det urimelege, nedfalne målet som eg brukar nytta.

Leve imålet!

1 kommentar:

brita sa...

Kor toskne kan folk vera! Eg vert flau paa vegne av Folkeuniversitetet, der eg faktisk har arbeidd ein gong i tida. Eg tykkjer ikkje du skal gje deg, ta opp saka med Maallaget!

Men eg er forviten: korleis har ein tamil laert seg aa skriva saa prydeleg nynorsk?