Det viste seg at gresk påskefeiring - for det var dét det var - er omtrent som ei norsk julaften. Bortsett frå at ho vert halden om våren, og ein er ute, og det er ingen presangar - men, matinnstappinga er den same.
Og raudfargen går igjen. Raudfarga egg i ei stor skål. Det såg lekkert ut, og sjølv om eg ikkje er så glad i egg gjorde skalfargen dei mykje meir spennande å eta.
Sidan dei hadde ein del, fekk me med eit par ekstra egg heim. Oisann. Heldigvis held kokte egg seg ganske lenge.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar