14 september 2009

Stemninga på valen

Frå Bergen rapporterer dei om valsedlar for Raudt! der Høire sine skulle vore. Dette er sjølvsagt ein skam og ein skandale. For, som Høire-Hole seier: "De svaksynte eller distré kan komme til å stemme feil."

Svaksynt? Distré? Det varmer i sjela at at folk har omsut på sånne som meg! Dette er det beste innlegget frå Høire i denne valomgangen. Synd eg allereie har stemd... på.... var det Høire, tru, eller var det Raudt!?

04 september 2009

Framsteg med Framstegspartiet!

Dette er ord eg aldri hadde trudd eg skulle sagt. Men det har seg slik at i ein annan tidsalder, då "feminist" framleis var kult å bli skjella ut som, då var det nokre av desse som reagerte på at ein omtalte mannfolk med etternamn og kvinnfolk med førenamn (og før det igjen namnet til mannen deira, men då eksisterte vel ikkje "feminist" som skjellsord ein gong).

Men no, takka vera Framstegspartiet, er det omvendt! Det er Jens og Jensen i feite typar overalt! Me får også retta ein varm tanke til familien Stoltenberg, som ikkje har funne det for godt å heita Siwert.

30 mai 2009

Thirukkudandhai

ஆரா அமுதே அடியேன் உடலம் நின்பால் அன்பாயே,
நீராய் அலைந்து கரைய வுருக்குகின்ற நெடுமாலே,
சீரார் செந்நெல் கவரி வீசும் செழுநீர்க் திருகுடந்தை,
ஏரார் கோலம் திகழக் கிடந்தாய் கண்டேன் எம்மானே.

I uendelege nektarbylgjer
smeltar kroppen min
og vert til vatn
som flyt til deg
og løyser seg opp i elsken din,

fordi eg har sett deg
O herren som ligg i Tirukkudandhai
krinsa av gylne riskornaks
som viftar over frodige vatn
i fagre skapnader

-- Nammalvar

Thirukkudandhai er ein gamal by nær Thanjavur i sør-India. Familien til mor mi er frå det området, og eg har mange gode minner om vitjingar hjå oldeforeldra mine der. Dette verset er frå ein lovsong skriven av Nammalvar for omlag 1200 år sidan, om tempelet til Pallikkondar, eller Sarangapani-tempelet som det vert kalla. Ei kusine til mor mi, som er både songar og professor i musikkvitskap, har gjeve ut ei plate med ymse songar frå den tida, mellom anna denne. Songen er vakker.

Dikta skrivne av Nammalvar er med i hymnesamlinga Divya Prabandham som tamilske dyrkarar av Visjnu vyrder like mykje som Vedaene. I dei tidene vart religion, samfunn og mykje anna svært påverka av nordindisk kutlur. Djainsmen og buddhismen tok plassen til den gamle tamilske religionen. Dei tre tamilske kongehusa mista makta si i fleire hundreår. Fleire og fleire brahminar frå nord-India flytta sørover for å flykta frå muslimske innrykkingar. Mange nordindiske skikkar vart tekne i bruk, og mange tamilske sedvanar vart gløymde.

Det var ein mann som heitte Nathamuni, født mot slutten av 800-talet. Han var brahmin, frå ein familie som hadde flytta til Tamil Nadu for nokre hundreår sidan. Ein dag då han var i templet i Thirukkudandhai høyrde han denne lovsongen. Eg vil gjerne høyra fleire songar som Nammalvar har skrive, sa han. Nei, ingen der visste nokre av dei andre. So byrja Nathamuni å reisa rundt heile den tamiltalande verda, og frå kvart tempel henta han dikt som hadde vorte skrivne om det templet. Til sist hadde han nesten fire tusen, som han samla inn i Divya Prabandham.

Folk frå Thirukkudandhai er stolte av denne soga. Om ein vitjar Sarangapani-templet er det noko som er godt å hugsa. Tru meg, ein som seiar "Var det ikkje her at Nathamuni høyrde songen som starta han på heile den der Prabandham-samling greia?" får ei utruleg stor stjerne i margin.

17 mai 2009

norsk 17. mai, tamilsk humor



Millom bakkar og berg ut med havet
heve nordmannen fenget sin heim
der han sjølv heve tufterna gravet
og sett sjølv sine...



hus uppå deim


23 april 2009

Agurkauge


Agurknytt
er faktisk ganske spennande. Haugabloggen fortalde først at prisen på agurkar hadde gått ned. No fortel mediene at agurkbønder tapar millionar fordi agurkkremmarane ikkje vidarefører prisnedsettinga. Mange ville nok gå så langt som å kalla dette reint agurkmisbruk.



Bilde av og cc-by cyclone bill


For tida får eg grønsakene mine frå snille, økologiske bønder som ikkje driv med kremmarverksemd. Agurkane me får er litt korte og tjukke, men passar utmerka til mitt føremål: Den perfekte brødskiva med agurk, tomat og majones.

29 desember 2008

Italiensk komponist overtek lokal komposisjon?

Det var slik eg las Verdi overtar Notar Sandnes. Men så viste det seg at det verken var komponist eller noter på ferde, men to selskap med småmusikalske namn. Nokre gonger er røynda mindre fantastisk enn fantasien. Og det kan jo vera godt å ta med seg.

27 desember 2008

Bake kake søte

Eg og Oskeladden har ein kronisk krangel som går på om ein skal pynta kaker med krem og duppedittar, eller eta dei som dei er, brune og blanke frå forma. Eg liker godt litt pynt, men når eg ser kva som kan skje med det som skulle vore stilige julenissekaker, festlege julehelsingar eller heilt korrekte hanukkahelsingar, er det kanskje like greitt å halda seg til det trygge og minimalistiske.

02 desember 2008

No er det jul igjen!

Der var juletreet til naboen oppe. Med raude og blåe blinkande lys. Så ingen skal koma her og påstå at det ikkje blir jul i år!

18 november 2008

Ein høgremann karakteriserer ein annan...

"Massivt udugelig, inkompetent, selvopptatt, bornert og en skam for sitt parti."

Eg er tidlegare van med at nordlendingar har velsmurte snakketøy når dei skal skjella ut folk. Men dei kan det visst i Høgre i Østfold, òg.

17 november 2008

Smelta smør!

Vesla har lært seg å seia s før konsonant. Vips er dei vekke, nesten alle dei morosame orda ho hadde på ting og tang. Prikkehunden heiter ikkje lenger Pott, men Spot. "Ka" er blitt "ska". Smør heiter ikkje lenger Fø. I dag spurde ho meg til og med rett ut om å smelta smør.

Til gjengjeld blir det no laga nye ord med s og konsonant. Det stod visst ein smakt på bordet. Kva ein smakt er, har eg ikkje fått greie på. Men det kjem nok, så talefør den jenta er blitt.

06 oktober 2008

Språkvandring

Det finst jo så mange ord for foreldre. Gamlisar, fossil og trøyttingar er det vel helst ovkule tenåringar som seier. Me har ikkje nådd den fasen endå, her går det på variasjonar over mamma og pappa.

På tamil heiter det jo amma og appa, så dét er det den vesle keisarinna er blitt lært opp til å seie. Men ho går sine eigne vegar, også i orda. Me er blitt både ammi ("mamma" på nordindisk) og vappa ("pappa" for sørindiske muslimar), immi (veit ikkje) og appiau (ikkje her heller). Det er lett å tenka seg at dei søte små har endra foreldre-orda heilt av seg sjølv. Baby power! Barnestyrken er stor.

Eg kom på dette då eg las om elva Vamma. Vamma er sjølvsagt eitt av dei mange namna eg har hatt i det siste.

05 oktober 2008

Needless, unthank, uturvande

Engelske stadnamn er merkelege. Ta, til dømes, denne vegen i Birmingham:



Namnet tyder "Uturvande smau". Og det ser ikkje so veldig turvande ut. Han er ein liten gang, med store bygningar på begge sider. At einkvan tykte at gangen ikkje turvtest, kan eg godt tru. Kunne det moglegvis ha skjedd at ein uheiderleg bymeistar hadde avgjort at vegen skulle byggjast, og at vegen fekk dette namnet av eit misnøgd, forfylgt folk, som hadde ingen annan måte å visa motsegna si?

Ei trist sanninga er at bak dei meste romantiske namna i England ligg ei kvardaglegs, keisam soge. I Nordvik, der eg ein gong budde, var det ei gate som heitte "Unthank Road". So flott, tenkte eg. Einkvan sa ikkje "takk" på ein høfleg nok måte, og folk vart so sinna at dei gav vegen eit slikt namn, for å minna alle om den forferdelege hendinga! Men nei, "unthank" er berre eit gamalt ord for nokon som budde ulovleg, og namnet viser til at garden som ein gong låg langs vegen var ulovleg teke i bruk.

Og det var ikkje annaleis med Needless Alley.

I William Hutton si bok, A History of Birmingham, som kom ut i 1783, fortel han om alle dei "nye" vegar som Birmingham hadde fått i dei siste åra. Ein av dei som var bygd mellom 1700 og 1731 er "Needless Alley." I kva for eit år denne vegen var bygd, og kvifor han fekk eit so merkeleg namn, seiar ikkje Hutton.

Men engelskmenn elskar å skriva bøker. I 1885 skreiv Thomas Harmann ei bok med ei heilt sjarmerande framside:



Og her fortel han at gata i opphav heitte "Needles Alley", fordi det var ein butikk der som selde knappar og nåler.

Pytt.