27 desember 2008

Bake kake søte

Eg og Oskeladden har ein kronisk krangel som går på om ein skal pynta kaker med krem og duppedittar, eller eta dei som dei er, brune og blanke frå forma. Eg liker godt litt pynt, men når eg ser kva som kan skje med det som skulle vore stilige julenissekaker, festlege julehelsingar eller heilt korrekte hanukkahelsingar, er det kanskje like greitt å halda seg til det trygge og minimalistiske.

2 kommentarer:

Ugla sa...

Dei så ikkje så gode ut dei kakene du syner fram; sikkert kunstig krem og. Sjølvlaga pepperkaker er best utan kliss, men kakehuset må jo ha både melis og non-stop. Når mitt kakehus skal knusast(20.dag jol) skal eg invitere nokre små venninner. Dei likar nok alt det søte.
Godt nytt år til deg og dine - kor no du bur!

Rani sa...

Me held til i England, i skjeringspunktet mellom kunstig kliss og skikkeleg europeisk bakarkunst. Eg liker godt søt pynt, om han er stilig eller ikkje, men ekte må det vera.