Vesla har lært seg å seia s før konsonant. Vips er dei vekke, nesten alle dei morosame orda ho hadde på ting og tang. Prikkehunden heiter ikkje lenger Pott, men Spot. "Ka" er blitt "ska". Smør heiter ikkje lenger Fø. I dag spurde ho meg til og med rett ut om å smelta smør.
Til gjengjeld blir det no laga nye ord med s og konsonant. Det stod visst ein smakt på bordet. Kva ein smakt er, har eg ikkje fått greie på. Men det kjem nok, så talefør den jenta er blitt.
1 kommentar:
Me fekk ein "vil du ha vaffel me fø!" før ho retta det til "smør" i neste setning. Ein siste juvel til å minnast barnespråket. Me får trøysta oss med slikt, og feilbøygde verb.
Legg inn en kommentar