16 oktober 2007

Skumle elefantars

Aftenpoften fortel om ein gjeng elefantar som lagar kvalm på øya Majuli i Brahmaputra-elva. Men noko merkeleg har skjedd, ikkje berre på øya, men også i artikkelen.

Landsbyfolket prøver å skremme vekk elefantene med fyrverkeri og ildbål, men elefantene lar seg ikke skremme og går isteden rundt og spiser på øyas sukkerrørs


India har den største elefantbestanden i Asias, med nærmere 10.000-15.000 elefanter.


Teksten er omsett frå dansk, der me finn den eine ekstra s-en ("Asiens"), men "sukkerrørs" er uforklarleg. Kanskje s-ane er meint som teiknbilete av elefantar? Dei kan jo minna om eit elefantøyre og ein snabel.

23 mai 2007

Tiruvalluvar og håvamål

Eg ville aldri tenkt å samanlikna Tirukkural sin moralisme med Håvamål sin pragmatisme, men her er ein nordmann som har gjort det. Artikkelen var ganske interessant men omsetjinga av kural 882 var feil. Den tamilske originalen nemner ikkje smilande, hyggjelege folk, men, etter meininga mi, liknar meir på Håvamål enn omsetjinga forfattaren brukte:

Ver ikkje redd for uvenene
som står mot deg som nakne sverd
men ver varsam mot fienden som skjuler seg
som din trufaste frende


So vidt eg veit har Tirukkural aldri vorte omsette til norsk. Det finst ei svensk utgåve, men ikkje på norsk. Kanskje det er tid einkvan tok det opp?

26 februar 2007

«Jamvel om dette livet endar»

தலைவி கூற்று:
அணிற்பல் அன்ன கொங்குமுதிர் முண்டகத்து
மணிக்கேழ் அன்ன மாநீர்ச் சேர்ப்ப
இம்மை மாறி மறுமை யாயினும்
நீயா கியரென் கணவனை
யானா கியர்நின் னெஞ்சுநேர் பவளே.
- அம்மூவனார், குறுந்தொகை 49

Det ho sa:

Tornane på dei pollentunge buskane
er skarpe
liksom tennene til eit ungt ekorn
i landet der det breie havet glimtar mot kysten
liksom ein safir

Min kjæraste,
jamvel om dette livet endar
og sjelene våre vandrar til nye kroppar
skal du bli skapt som min einaste mann
og eg, som elsken som lever i ditt hjarte
     -- Ammuvanar, Kurunthokai 49


Ein av dei mange tinga som gav gamle tamilske dikt fagerdomen sin var bruken av உள்ளுறை ullurai, «indre tankar». Skildringar av naturen som ein finn i tamilske dikt var ikkje berre skildringar, men inneheld òg innfløkte metaforar. Ved hjelp av desse prøvde diktarane å skildra omveges kjensler som var for sterke til å verta skildra beinveges.

Vanlegvis har ein ullurai fleire tydingar, som i dette diktet. Tornebuskar og ein havkrinsa kyst er ofte symbol for å vera, eller å ha vore, åtskild. Her viser dei til at kjærasten til ho som kved nett har kome attende til henne etter ei lang reise. Og det gjev oss den fyrste tydinga av ulluraien. Me var åtskilde so lenge medan du var i eit fjernt land, seier ho, men slike åtskiljingar varer ikkje i æve. Du kom attende til meg, og slik skal det vera etter me døyr. Sjølv om me skal vera skilde ei stund, skal me finna kvarandre igjen.

Men viss me les dei fyrste linjene igjen kan me finna ei tyding til. Livet og kjærleiken vår er som busken, med både spisse tornar og pollentunge blomar. Men sjølv om tornane er spisse er dei òg ein del av busken sin venleik, nett som tennene på eit ekorn er ein del av det som får det til å sjå søtt ut. Pina ved å vera åtskilde frå kvarandre er som desse tornane og tennene. Det er ein del av det som gjer elsk so vakker.

Og endå ei. Me er som havet og kysten, som busken og blomane, seier ho. Som havet ikkje kan skiljast frå landet, som blomar alltid må blomstra på buskane, so skal me aldri skiljast, og alltid vera isaman, av grunnhåtten vår.

07 februar 2007

Glede

I dag kveld sat eg og retta oppgåver som studentane mine har levert inn, medan Ho Som Herskar i Huset skreiv noko på datamaskinen.

HSHIH (til seg sjølv): «Uff... kva er ordet for 'pious' på norsk»
Eg: «Gudfryktig»

So no er det offisielt: eg kan betre norsk enn kona mi.

25 desember 2006

«og det lyt dei hugsa»

நெல்லும் உயிர் அன்றே; நீரும் உயிர் அன்றே;
மன்னன் உயிர்த்தே மலர்தலை உலகம்;
அதனால், யான்உயிர் என்பது அறிகை
வேன்மிகு தானை வேந்தற்குக் கடனே.

Korkje ris
eller vatn
har livgjevande makt
over menneskja på denne vidfemnande jorda
slik som kongane har

og det lyt dei hugsa
når dei ser på krigarane sine
berande på glimande spyd.
-- Purananuru 186

24 november 2006

Fort i svingane

«Første fargede fører i formel 1» fortel Dagsavisen no når Lewis Hamilton skal byrja å køyra ovraske mercedesar. Det er litt overraskande. Eg kan ikkje sjå at Lewis Hamilton er så mykje mørkare på farge enn Narain Karthikeyan, som tok til å køyra for Jordan i 2005.

Er det eit noaord for «neger» me har med å gjera, tru?

23 november 2006

«Eg såg eit eldfrø»

அக்கினிக் குஞ்சொன்று கண்டேன் - அதை
அங்கோர் காட்டிலோர் பொந்திடை வைத்தேன்
வெந்து தணிந்தது காடு - தழல்
வீரத்தில் குஞ்சென்றும் மூப்பென்றுமுண்டோ

- பாரதியார்

Eg såg eit eldfrø
og sette det
i ein hol trestomn
som stod i ein stor urskog

og skogen brann
til berre oske

når hugen tek fyr
vert kvar gneiste
like mektig
som ein stor brann
- Bharatiyar

10 november 2006

Rogalandsk

Eg finn ikkje desse vanlege orda i nynorskordboka.

•«kemmera?»
•«keddeva?»
•«kerråfå?»
•«etlerrant!»

Hei, språkråd, ikkje ligg og dra deg!

11 august 2006

Til ilankai

På jord
som aldri har kjend tørke
prydar dei mørke nochchiblomane
augo
og bringene
åt ungmøyar.


Men no ligg blomane
lauvlause
kledde i blod
dekte av otte


og ein svolten gribb
som tek dei for åtsel
ber dei opp
frå den øydde bringa
åt ein ung gutt
som streid ut
til krigs



-- Nakkanaiyar, Purananuru 271

25 juli 2006

Norsk i Libanon

Ein av dei mange fordelane med verdsveven er at han gjer det mogleg å lasta ned og høyra på radioprogram frå eksotiske land som ein kjenner lite om. Til dømes Noreg. Det er særs viktig for Ho som Herskar i Huset, som ikkje klarer leva utan å høyra på Verda på laurdag og Verdt å vita.

I den siste utgåva av Verden på laurdag drog ein reporter frå NRK åt ein liten landsby i Libanon der det hadde budd mange norske soldatar. Det var heilt usannsynleg kor godt norsk dei tala, dei som til og med ikkje hadde vitja Noreg ein einaste gong.

Det er godt å vita at eg ikkje er den einaste utlendingen som aldri har budd i Noreg men elskar norsk. Men er eg den einaste som elskar nynorsk?

22 juli 2006

Endeleg er det agurktid

Verda har vore slem mot agurknyttskribentar dette året, med so mange alvorlege hendingar å skriva om. Men no, endeleg, ei nyhende som passar til denne tida.

Det ville vore kjekt om avisene var fulle av fleire slike hendingar istaden for...

15 juli 2006

Eit dikt av Vanparanar

Det ho song på slagmarka

Eg kan ikkje gråta
tårene som tyngjer bringa mi
dei kunne vekka
sovande tigrar
som tek deg

Eg kan ikkje få deg
til å reisa deg
med desse svake armane
som famnar
dine sterke aksler

La kval og kvide slå seg saman
mot den hatefulle dødsguden!

Ta mi hand
krinsa av so mange armringar
ein siste gong
min kjæraste mann

Gå med meg ei stund til.
-- Purananuru 255.

I tamilsk kultur bryt ei kvinne sund armringane sine når ho får høyra at ho er vorten enkje