25 oktober 2010

Nytt fransk ord og bilde.

I dag lærte eg at bredouiller betyr "å mumle".

Eksempel: Då Nicholas Sarkozy drog til Vatikanet på snarvisitt til paven, "il a bredouillé le Pater Noster comme un joueur de foot chantant l’hymne national" (skreiv Libération). Han mumla fadervår omlag som ein fotballspelar syng nasjonalsongen.

Dei har ofte ganske treffande bilete i dei franske media.

01 oktober 2010

Please don't title your posts with acronystic vulgarities

Dagens tips kjem ikkje uventa frå ei diskusjonsside på Wikipedia. Meldinga det er snakk om hadde tittelen "WTF is up with this article?!?" (eller noko slikt).

Alt det ein kan læra på Wikipedia, du!

19 september 2010

Prinsessesoge anno 2010

Det var ein gong ei prinsesse som rett og slett ikkje ville målbindast. Ho var berre vrien og vrang, nett som eit stykke sideflesk ein gjerne vil gøyma — men presser ein det inn med midjeband ein stad, tyt det jammen ut på ein annan. Ja, denne Prinsessa var så standhaftig at slo ein henne i hovudet med skikk og bruk den eine dagen, dukka ho jammen opp med noko nytt, ti gonger meir uskikkeleg og ubrukeleg, den neste.
Prinsessa som ingen kunne målbinda

16 september 2010

Nominativ determinisme

Nominative determinism er noko dei forlystar seg med i det store utlandet. Det dreier seg om å bita seg merke i namn som passar godt i ein samanheng, til dømes den berømte tannlegen Holtan. Det er faktisk blitt forska seriøst på om namna våre gjer oss til dei me er.

Men dette er litt mindre seriøst. Stavanger har visst hatt ein tanke regnvatn i det siste, og kven sender dei ut for å dekka det?

Runde Vandvik

22 august 2010

Bortom godt og vondt

நாமவனிவனுவன் அவளிவளுவளெவள்
தாமவரிவருவர் அதுவிதுவுதுவெது
வீமவையிவையுவை அவைநலந்தீங்கவை
ஆமவையாயவை ஆய்நின்றவவரே
          --நம்மாழ்வார்

I alle oss, og i denne mannen, og den mannen, og han der,
og i denne kvinna, og den kvinna, og ho der, og kven som helst;
i alle dykk, og i desse folka, og dei folka, og dei der,
og i dette, og det, og det der, og kva som helst;
i dei svinnande, og desse her, og dei, og dei der,
i dei gode og dei fæle,
i alt som har blitt og alt som skal bli,
i hjartet av alt er Han
og det er alt eg ser.
          -- Nammálvár (Tiruváymoli 1:1:4)

19 august 2010

Ramsalt i Salten


Kva er det med Salten? Vasker dei seg med salt i staden for såpe der? Imponerandes er i alle fall det som blir sagt og skrive der. Kanskje må me på det jækla museet for å finna ut. Men me lærer nok aldri å banna på nordnorsk med stil som dette:

E låg å søv, da va som e låg i fløiel, da va som fløte, men så rengt den dar helvetes førbanna vekkerklokka.

30 mai 2010

Slik gjer dristige menn

வேந்தற் கேந்திய தீந்தண் ணறவம்
யாந்தனக் குறுமுறை வளாவ விலக்கி
வாய்வாள் பற்றி நின்றனெ னென்று
சினவ லோம்புமின் சிறுபுல் லாளர்
ஈண்டே போல வேண்டுவ னாயின்
என்முறை வருக வென்னான் கம்மென
எழுதரு பெரும்படை விலக்கி
ஆண்டு நிற்கு மாண்டகை யன்னே.
-- விரிச்சியூர் நன்னாகனார் (புறநானூறு 292)

Stolte krigarar!
Som reiser seg mot han i sinne fordi
når de drikk kald kongsmjød
vil han ikkje venta til de seier
det er hans tur
men spring straks opp med skarpt sverd
og krev høgare rang

Djervskapen dykkar er svak som tynne grasstrå!

Når dristige menn
lauper fram for å hindra
den store strøymande heren
som fløymar mot dei på krigsmarka

då ventar han heller ikkje til dei seiar det er hans tur.

-- Varicchiyúr Nannákanár (Puranánúru 292)

02 januar 2010

Heia Island

Islandsk er jo noko for seg sjølv, då.

Veðrið á Bretlandseyjum heldur áfram að setja strik í reikninginn hvað knattspyrnuleikina varðar en fresta hefur þurft mörgum leikjum í dag vegna veðurs og erfiðra vallarskilyrða. Þremur leikjum hefur þegar verið frestað í 3. umferð ensku bikarkeppninnar og mörgum leikjum í neðri deildunum. (mbl)
Meir trur eg ikkje det treng seiast om veret i Bretlandseyjum denne vinteren.

29 oktober 2009

Næmmen bokhylla, då!

Me som sit her borte over havet får av og til litt heimlengt og ønsker oss norske ting, som brunost eller Solo. I dag fekk eg for meg at eg skulle lesa litt ukjend norsk litteratur ved den flotte tenesta bokhylla.no. Eg gjekk dit, og søkte. Og søkte. "Ingen tilgang" stod det. Eg kontakta heimlandet og lurte på om dei kunne sjå noko. Jaudå, dei fekk opp masse fine bøker. Etter litt finlesing fann me ut at bøker som er verna av opphavsrett berre er synlege for folk som sit i Noreg og søker. Fnys -- snakk om å visa fram norsk kultur, liksom!

Men men. Eg bestemte meg for å gjera eit nytt forsøk. Bøker som var gjevne ut på 1890-talet kunne vel ikkje vera verna av opphavsrett? Jo, tydelegvis. I alle fall kom dei fleste lovande treffa opp med "Ingen tilgang" når eg opna dei -- det går sjølvsagt ikkje an å sortera eller noko slikt, ein må verkeleg vera ein optimistisk oskeladd i den der bokhylla.

Med eitt fekk eg likevel eit lesbart treff! Jubelen stod i taket i heimen. Så tok eg ein nærare kikk på den der boka. "Die Erkrankungen des Auges im Zusammenhang mit anderen Krankheiten". Hmm. Det var vel ikkje heilt norsk? Forfattaren har eit spennande namn, Schmidt-Rimpler, men det var no likevel ikkje tysk eg ville lesa.

Eg gjev opp for i kveld. Får i staden trøysta meg med litt ekte norsk mat. Taco?

23 oktober 2009

Hurrah foh dænsk

Danskane er ikkje berre «compjuder» og «plæyah».

Det som på norsk så uoppfinnsomt heiter «kordfløyel», kallar nemleg danskane «jernbanefløjl».



Bildet er corduroy av marie-ll på flickr.
Creative Commons Attribution-Noncommercial-Share Alike 2.0

14 september 2009

Stemninga på valen

Frå Bergen rapporterer dei om valsedlar for Raudt! der Høire sine skulle vore. Dette er sjølvsagt ein skam og ein skandale. For, som Høire-Hole seier: "De svaksynte eller distré kan komme til å stemme feil."

Svaksynt? Distré? Det varmer i sjela at at folk har omsut på sånne som meg! Dette er det beste innlegget frå Høire i denne valomgangen. Synd eg allereie har stemd... på.... var det Høire, tru, eller var det Raudt!?

04 september 2009

Framsteg med Framstegspartiet!

Dette er ord eg aldri hadde trudd eg skulle sagt. Men det har seg slik at i ein annan tidsalder, då "feminist" framleis var kult å bli skjella ut som, då var det nokre av desse som reagerte på at ein omtalte mannfolk med etternamn og kvinnfolk med førenamn (og før det igjen namnet til mannen deira, men då eksisterte vel ikkje "feminist" som skjellsord ein gong).

Men no, takka vera Framstegspartiet, er det omvendt! Det er Jens og Jensen i feite typar overalt! Me får også retta ein varm tanke til familien Stoltenberg, som ikkje har funne det for godt å heita Siwert.