Agurknytt er faktisk ganske spennande.
Haugabloggen fortalde først at prisen på agurkar hadde gått ned. No fortel mediene at
agurkbønder tapar millionar fordi agurkkremmarane ikkje vidarefører prisnedsettinga. Mange ville nok gå så langt som å kalla dette reint agurkmisbruk.
For tida får eg grønsakene mine frå snille, økologiske bønder som ikkje driv med kremmarverksemd. Agurkane me får er litt korte og tjukke, men passar utmerka til mitt føremål: Den perfekte brødskiva med agurk, tomat og majones.